Tysse

Velkommen til oss, ei lita bygd med mange mogelegheiter for dei som er glade i natur og friluftsliv! Osterøy har flotte fjellområde, og ved foten av dei høgaste ligg Tysse. Her er utgangspunkt for turar for alle, om ein går, trillar, spring eller flyt. Mykje berg og fjell gjev gode mogelegheiter for turar og klatring, og fjorden er klar for båt, fiske og kajakk. Me har samla ein del forslag til eit spanande og kjekt besøk! I menyen finn du forslag til aktivitetar, turar og anna. 


Laurdag 10. mai: 


Tøsse Brygghus inviterer til Vårfest med "Say No More".  

25. mai. DNT-tur: Osterøy utanfor allfarveg

Tur frå Dalamunnen ved Tysse via den veglause garden Moa og til Toskedalen og Grøsvik og fjordcruise tilbake til Tysse. Med på turen er Vidar Simmenes som er oppvaksen i Toskedalen, og vil fortelja om liv og oppvekst på desse gardane litt utanfor allfarveg.

Informasjon og påmelding på Osterøy turlag.

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang