Ting å gjere

Mykje dreier seg om friluftsliv. Biletet er tatt frå tur i kajakk, som kan lånast på kaien. Midt i biletet kan du sjå to av klatrefelta. I bakgrunnen kan du skimte nokre av fjella.

 

Tur

Rette staden for turfolk! Her finn du både lange og korte turar, relativt flate og uhorveleg bratte turar, fjell- og skogsturar.

Når snøen legg seg er det òg mogelegheiter for skiturar.


Me har samla nokre turforslag:



Kajakk:

Fjorden ligg klar for besøk! Kanskje ein roleg tur i solnedgangen? Ein ekspedisjon til Kleppsvågen eller Drangevågen?

Vil du ut på fjorden og padle, så har me to kajakkar til utlån ved avtale på butiķken, eller ta kontakt på tlf.nr. 92648870. 

Tøsse Mølle 

Midt i bygda ligg Tøsse Mølle, ei tradisjonsverksemd som har produsert havregryn i eit århundre og litt til. 

Tøsse Brygghus 

I 2024 sette Tøsse Brygghus i gang ølproduksjon! Ølet har vorte godt mottatt både lokalt og nasjonalt. 

Brygghuset arrangerer ølsmaking og omvisning for grupper. Dei står òg for andre tilstelningar som konsertar. 

Eit par lenker til artiklar om både mølle og nye planar:

"Nye krefter vil ta Tøsse Mølle til nye høgder"

"Osterøy kjem på ølkartet"


Bjørndal Handel

Eit naturleg midtpunkt i bygda.

Bjørndal Handel har vore i drift samanhengande sidan 1901, lengst på Osterøy. Det er no femte generasjonen som står for drifta av verdas beste nærbutikk!

Her finn du det meste: daglegvarer, verktøy, fiskeutstyr og nyttige ting du ikkje visste du trengte. Du får òg lokalmat, som geitost frå Tyssebotn og havregryn frå naboen: Tøsse Mølle. 

Butikken ligg perfekt til for ein liten lunsj på benkane på kaien. Om mot alle forventningar vêret ikkje inviterer til is på kaien har butikken ein koseleg kaffikrok med flott utsikt mot fjorden. 

Bading: 

Dei største likar seg ofte best på kaien, men du finn ei idyllisk lita strand i Kleppsvatnet, ein liten sykkeltur eller eit par minutts køyring frå Tysse sentrum.

Eit anna alternativ er ein fin liten båttur til Kleppsvågen. Her finn du både svaberg og ei lita strand. Om du har born med bør du vere merksam på at det er brådjupt ved stranda.   

På Kleiveland er det friområde med ei lita badestrand og kai. Det er tilkomst både med bil og båt. Køyreturen frå Tysse tek om lag 5 min. Parkeringsplass finn du ned til venstre i svingen etter den lange bakken ned til Kleiveland. Følg så elva til fjorden.

Kleppsvatnet
Kleppsvatnet
Kleiveland
Kleiveland

Båttur med MB Ospenes

Ospenes har båtrute til dei veglause bygdene langs Osterfjorden. Det er òg mogeleg å arrangere blåturar med båten. For ruter og meir informasjon, sjå Facebook-sida deira:

MB Ospenes

(foto: Fjordslottet)
(foto: Fjordslottet)

Klatring

Tysse har fleire populære klatrefelt, Osterøys beste i følgje dei som har greie på det! Her er ruter for alle nivå. 

Auravikshellaren, kjend som Skyggehellaren blant klatrarar, er nok for vidarekomne. Rett ovanfor ligg Oltidhellaren, med litt enklare ruter. 

Du kan finne meir informasjon på heimesida til Osterøy klatreklubb: 

https://klatre.info/forer/tysse.htm

https://www.facebook.com/groups/342710419107067

Her er òg ein liten reportasje frå Bergen klatreklubb



Fiske:

Det er godt fiske frå båt og frå kaien. Om du tek turen til bålplassen ved Osvatnet kan det òg hende du får ein liten aure i steikepanna!

Sykkel:

Lei av asfalt? Ta deg ein sykkeltur i Dalen! Akkurat passe humpete på skogsvegen. Om du likar solide klatreetappar kan du ta turen opp svingane til Tyssebotn.