Vinter

Om me ikkje akkurat er kjend som vintersportsstad finst det mogelegheitar når snøen legg seg. 

Dalen

Når snøen kjem er Dalen ein fin plass for skiturar. Det er vanlegvis ikkje preparerte løyper, så dette er ei ekte naturoppleving. Fint terreng heile vegen til Anorvatnet og bekken ved Trollkredna. Om du ikkje er redd for ulendt terreng og striper under skia kan du gå vidare til Gårdstjørna. Om isen er trygg er det óg mogeleg å gå over vatnet til Storavatnet. Sjekk tjukkelsen på isen, ikkje ta risikoar!

For tilkomst, sjå Tyssedalen i "tre lette"

Høgafjellet: 

For dei som vil ha meir utfordrande skiturar er ruta Dalen--Helldalsfjellet--Høgafjellet populær på fine dagar. Partiet opp Helldalsfjellet er bratt, men når den kneika er overstått er det nydeleg skiterreng opp mot Høgafjellsvarden.

Tilkomst: sjå Tyssedalen i "Tre lette".


Løtane
Løtane

Skøyter:

Setesvatnet og Løtane

Dei dagane isen er trygg står ein gjerne på skøyter på Setesvatnet i Tyssedalen. Det er òg ei lita tjørn på Løtane, her legg isen seg fortare. Ta med skøyter og pølser, så har de ein ekspedisjon!

Hugs: det er relativt sjeldan at isen er heilt trygg på våre kantar. Du må vere heilt sikker på at isen er trygg, ikkje utset deg sjølv og andre for fare!

Setesvatnet
Setesvatnet
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang