.

Turforslag

Naturopplevingar for alle! Den flotte naturen rundt Tysse har noko å by på for alle. Familien, ruslaren, treningsfantomet og fjellgeita. Du finn turkart og gode råd på Bjørndal Handel. Her er nokre forslag:

Tre lette:

Osvatnet, Tyssedalen og Løtane.

Alle er fine turar for både store og små, og dei to første har rasteplass med benkar og bålplass. Turen til Osvatnet går gjennom skogsti, i Tyssedalen går du på skogsveg, medan Løtane er snaufjell. 

Her finn du meir informasjon:




To lange

Høgafjellet og Olgrøda (uttalast "Ølgrøo")

Turen til Høgafjellet er klassikaren. Du kan gå opp via Tyssebotn og følgje godt merkt sti heilt til varden på toppen, 868 moh. Ta gjerne rundtturen om Helldalsfjellet ned att, om det er godt vêr.

Olgrøda: Turen startar med ei bratt stigning opp Helldalsfjellet, før det flatar ut i lett terreng over snaufjellet på Olgrøda. Her opnar landskapet seg med utsikt mot Storavatnet i søraust, havet i vest og fjellheimen i nord.


Tre middels

Tyssebotn, Preikestolen og Lie. 

Desse turane kan du rekne om lag to timar på. Tyssebotn er eit populært turmål. Her ligg ein fjellgard, og lengre ute er det stølsdrift om sommaren. Turen egnar seg godt for turglade born. 

Frå den lokale Preikestolen er det flott utsikt over fjell, fjordar og hav. Denne stien går forbi Tyssesætra.
Turen til Lie går til tider i tett skogterreng. På toppen opnar det seg nokre fine utkikkspunkt. 


Vinter

Kan hende du finn meir snørike stadar, men her er mogelegheiter når snøen legg seg. Ta ein skitur i Dalen eller på Høgafjellet, eller test skøytene!

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang