Tysse
Velkommen til Tysse, ei lita bygd med mykje å finne på for dei som er glade i natur og friluftsliv! Osterøy har flotte fjellområde, og ved foten av dei høgaste ligg Tysse. Her er utgangspunkt for turar for alle, om ein går, trillar, spring eller flyt. Knausar og fjell gjev gode mogelegheiter for turar og klatring, og fjorden er klar for båt, fiske og kajakk. Me har samla ein del forslag til eit kjekt besøk! I menyen finn du forslag til aktivitetar, turar og anna.
Fredag 11.9 kl 14-16: KRIMQUIZ
Velkommen til KRIMPUB med quiz, eit samarbeid mellom Tøsse Brygghus og Osterøy Krimfestival.
Andreas fortell litt om historien bak Tøsse Brygghus, påfølgt av krimquiz. Det blir mulig å kjøpe seg lunsj og drikke. Bryggeriutsalet er også opent.

